Torsdag 10. mai var utflyttarar frå Stord og Fitjar invitert til å delta på årets SNU-plass i Trondheim – og deltakar-interessa var stor. Rundt 40 påmeldte ville høyra nytt frå heimstaden sin og møta ordførarane og 9 lokale verksemder. Apply Leirvik, Advantec, Akvator, Kværner Stord, Palantir, SKL, HSH, iDrift og Wärtsilä var alle representert med 1 - 2 utsendingar.
Stemninga var god og det kom mange positive tilbakemeldingar på ein flott kveld, der deltakarane fekk høyra lokale verksemder presentera seg. Fleire av dei hadde konkrete stillingar som dei treng folk til. Dei siste kontraktane som verksemdene på øya no har fått i hamn krev stor rekruttering. Dette var mellom anna noko Kværner Stord og Apply Leirvik var tydlege på.
Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det? SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta tysdag 15. mai kl 19-22. Påmelding til post@snu.as innan fredag 11.mai.
Arrangementet er gratis og finn stad på Nattergalen Bar & Kjøkken, Olav Tryggvasonsgate 33, torsdag 10. mai kl 19-22.30. Det vil bli servering og litt underhaldning i tillegg til korte bedritspresentasjonar. (merk at programmet byrjar kl 19.00, og at me opnar for registrering frå kl 18.30).
Påmelding til post@snu.as , telefon 53401550, innan 6. mai. Det er også oppretta eiga facebook hending - 'SNU-plass 2012 i Trondheim'