 |
|
Kort om SNU Kva me gjer Eigarskap og styre Kontakt oss Prosjektutvikling SNU - plass 2012 SNU-plass 2011 SNU-plass 2009 SNU-plass Oslo 2008 SNU-plass Trondheim
|
|
| | Kontakt oss | | | | | Nyttige lenker | | | |
Ope brev til regjeringa frå SNU med eigarar | | SNU, Fellesforbundet avd. Sunnhordland, Fitjar kommune, Fitjar Næringsråd, Stord kommune og Stord Næringsråd har på bakgrunn av bodskapen som kom fram på konferansen om Miljøteknologi d 20. august, sendt brev til Nærings- og handelsminister Sylvia Brustad og Miljø- og Utviklingsminister Erik Solheim. Her kan du lesa brevet. | | | | | | Ope brev til Nærings- og handelsdepartementet v/ Nærings- og handelsminister Sylvia Brustad og Miljøverndepartementet v/ Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim | | | Utvikling av miljøteknologiprosjekt i Sunnhordland krev endring i dagens støtteordningar På konferansen ” Miljøteknologi – Innovasjon, satsing og forretningsmuligheiter for industrien i Sunnhordland” som vart gjennomført på Stord, torsdag 20. august, vart det presentert små og store miljøprosjekt frå bedrifter i regionen. Konferansen vart arrangert i samarbeid mellom næringsutviklingsselskapet SNU as og eigarane til selskapet, som er Fellesforbundet Sunnhordland, Fitjar kommune, Fitjar Næringsråd, Stord kommune og Stord Næringsråd . | | | Grunnlag for etablering av regional næringsklynge innan miljøteknologi i Sunnhordland Verksemdene Eidesvik AS, Wärtsilä Norway AS og Aker Clean Carbon AS presenterte industriprosjekt som gir og kan gi store miljømessige gevinstar, samt kan gi eit nytt næringsgrunnlag for lokale verksemder i Sunnhordland. Ei felles utfordring for desse bedriftene, er at retningslinjene til Innovasjon Noreg og anna verkemiddelapparat ikkje er innretta mot større verksemder. For å lukkast med ei nasjonal og regional satsing innan miljøteknologi, må det takast utgangspunkt i dei store bedriftene. Desse bedriftene vil vera viktige kundar, drivkrefter og ressursar for å skapa ei regional næringsklynge innan miljøteknologi. | | | Dagens støtteordningar er ikkje tilpassa nyskaping innan miljøteknologi På konferansen vart det også presentert nye miljøprosjekt av gründerar og SMB-bedrifter som har stort utviklingspotensiale både når det gjeld framtidige arbeidsplassar og miljøgevinstar. Døme på slike prosjekt er ”Tank Anti Pollution System” som selskapet Tool Tech AS presenterte på konferansen. Konseptet kan hindra oljeutslepp ved skipshavari. Ei felles utfordring for desse gründerane, er at støtteordningane ikkje er tilpassa miljøprosjekt. For å søkja støtte til utvikling av teknologien gjennom ein IFU-kontrakt, vert det frå Innovasjon Noreg stilt krav til at ein krevjande kommersiell kunde skal delta i utviklingsprosjektet. For miljøprosjekt finnes ofte ikkje kunden i denne fasen. Miljøteknologi vert gjerne først teke i bruk når deira kundar vert pålagt bruk av den nye teknologien. Støtteordningane må virka i ein tidleg fase slik at ein får utvikla miljøproduktet i samspel med bl.a. FoU-miljø og framtidige kundar. | | | Stort potensiale for sysselsetting- og miljøeffektar, men krev politisk handling Verksemdene i Sunnhordland har med sin sterke internasjonale industrikompetanse potensiale til å bli leiande innan miljøteknologi. Her finnes kompetanse og utviklingsmiljø bl.a. innan materialteknologi, prosjektleiing, produksjon, samanstilling og engineering, noko som bør gi regionen store fortrinn i satsinga på miljøteknologi. Men for å lukkast med ei satsing innan miljøteknologi ,må styresmaktene utvikla gode rammevilkår som inspirerer næringslivet til satsing innan dette området. Arrangørane av konferansen vil difor utfordra Regjeringa til å utforma verkemidlar slik at industrien i Sunnhordland kan utvikla ny konkurransedyktig grøn teknologi som vil gi positive sysselsettings- og miljøeffektar. Me ser fram til Dykkar svar. | | | | | | Stord, 21. august 2009 | | | Med venleg helsing | | | SNU AS Fellesforbundet Sunnhordland | | | Fitjar kommune Fitjar Næringsråd | | | | | | Stord kommune Stord Næringsråd | | | | | | | | | | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 15.05.2012 | God stemning på SNU-plass i Trondheim! | Torsdag 10. mai var utflyttarar frå Stord og Fitjar invitert til å delta på årets SNU-plass i Trondheim – og deltakar-interessa var stor. Rundt 40 påmeldte ville høyra nytt frå heimstaden sin og møta ordførarane og 9 lokale verksemder. Apply Leirvik, Advantec, Akvator, Kværner Stord, Palantir, SKL, HSH, iDrift og Wärtsilä var alle representert med 1 - 2 utsendingar.
Stemninga var god og det kom mange positive tilbakemeldingar på ein flott kveld, der deltakarane fekk høyra lokale verksemder presentera seg. Fleire av dei hadde konkrete stillingar som dei treng folk til. Dei siste kontraktane som verksemdene på øya no har fått i hamn krev stor rekruttering. Dette var mellom anna noko Kværner Stord og Apply Leirvik var tydlege på.
| | 03.05.2012 | Klart for ny Gründerkafè 15.mai! |
Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det? SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta tysdag 15. mai kl 19-22. Påmelding til post@snu.as innan fredag 11.mai.
| | 23.04.2012 | Husk påmelding til SNU-plass i Trondheim 10. mai! | Arrangementet er gratis og finn stad på Nattergalen Bar & Kjøkken, Olav Tryggvasonsgate 33, torsdag 10. mai kl 19-22.30.
Det vil bli servering og litt underhaldning i tillegg til korte bedritspresentasjonar. ( merk at programmet byrjar kl 19.00, og at me opnar for registrering frå kl 18.30). Påmelding til post@snu.as , telefon 53401550, innan 6. mai. Det er også oppretta eiga facebook hending - 'SNU-plass 2012 i Trondheim' | | | | | | Nyhendebrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post | |
| | Samarbeidspartnere | | | |
|