Framsida
Kontakt oss
Adresse
Postboks 217
5402 Stord
Telefon
53401550
Faks
53410058
E-post
postatsnu.as
www.snu.as
Vitjingsadresse
Thiisafabrikken
Hamnegata 48
Leirvik, Stord
SNU Prosjektutvikling AS
Les meir her
Verksemdene der me har eigarskap:
Dundelina AS
Fanari AS
Fitjar Småbåt & Fritidsservice AS
Nyttige lenker
 
 
 

Siste nyhende

God stemning på SNU-plass i Trondheim!


Torsdag 10.  mai var utflyttarar frå Stord og Fitjar invitert til å delta på årets SNU-plass i Trondheim – og deltakar-interessa var stor. Rundt 40 påmeldte ville høyra nytt frå heimstaden sin og møta ordførarane og 9 lokale verksemder. Apply Leirvik, Advantec, Akvator, Kværner Stord, Palantir, SKL, HSH, iDrift og Wärtsilä var alle representert med 1 - 2 utsendingar.


Stemninga var god og det kom mange positive tilbakemeldingar på ein flott kveld, der deltakarane fekk høyra lokale verksemder presentera seg. Fleire av dei hadde konkrete stillingar som dei treng folk til. Dei siste kontraktane som verksemdene på øya no har fått i hamn krev stor rekruttering. Dette var mellom anna noko Kværner Stord og Apply Leirvik var tydlege på.
Les meir 15.05.2012

Klart for ny Gründerkafè 15.mai!


Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det?
SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta tysdag 15. mai kl 19-22.
Påmelding til post@snu.as innan fredag 11.mai.


 

Les meir 03.05.2012

Husk påmelding til SNU-plass i Trondheim 10. mai!


Arrangementet er gratis og finn stad på Nattergalen Bar & Kjøkken, Olav Tryggvasonsgate 33, torsdag 10. mai kl 19-22.30.
Det vil bli servering og litt underhaldning i tillegg til korte bedritspresentasjonar.
(merk at programmet byrjar kl 19.00, og at me opnar for registrering frå kl 18.30).


Påmelding til post@snu.as , telefon 53401550, innan 6. mai.
Det er også oppretta eiga facebook hending - 'SNU-plass 2012 i Trondheim'
 23.04.2012

God oppslutnad om Miniseminar i Styrekompetanse!


Mange meldte seg på Miniseminaret i Styrekompetanse, som SNU arrangerte i samarbeid med NAV jobbservice, på Stord Hotell tirsdag 17. april.


Å ha kompetanse om styrearbeid, er viktig - anten ein er dagleg leiar, sit som styremedlem eller ynskjer starta eiga verksemd, så treng ein kjennskap til styrearbeid. Deltakarane fekk høyre Victor Jensen frå Styreakademiet snakke om styrearbeid og ulike roller ein kan ha i verksemda. Kjell Fylkesnes gav deltakarane ein innblikk i korleis hans verksemd jobbar i lag med sitt styre.
 19.04.2012

Miniseminar i Styrekompetanse 17. april


Er du i etableringsfasen med ny verksemd? Er du bedriftseigar? Er du styremedlem?
Er du dagleg leiar? Ynskjer du å lære meir om styrearbeid? Då bør du nytte sjansen til å melde deg på SNU sitt Miniseminar i Styrekompetanse for å lære meir!


Tysdag 17. april arrangerer SNU Miniseminar i Styrekompetanse, der Victor Jensen frå Styreakademiet i Hordaland vil gi ei innføring i styrearbeid, rettigheter og plikter og korleis ein kan nytte styret aktivt i verksemda. Han vil også snakke om styrets rolle, samt dei viktigaste styreoppgåvene slik som strategioppgåva, organiseringsoppgåva, kontrolloppgåva og eigenutviklingsoppgåva.
Les meir 03.04.2012

SNU-plass 10. mai i Trondheim!


Torsdag 10. mai inviterer SNU til SNU-plass i Trondheim. SNU-plass er ein møtestad for sunnhordlendingar som studerer eller arbeider i Trondheim, og næringslivet frå regionen.
Kjenner du studentar eller andre i Trondheim frå regionen som kan ha interesse av å kome, så be dei halde av 10.mai og følgja med på våre nettsider for nærare informasjon om tid og stad.

 29.03.2012

Nyttig StartOpp samling!


Deltakarane på SNU si StartOpp samling fekk høyra om kva SNU kan bidra med ved oppstart av eiga verksemd, samt litt om forretningsplan, før innleiarane frå bank, rekneskap, næringsråd og skatt kom med nyttige innspel og tips i ein oppstart fase.


Gründer Jorunn Hernes fortalde den spanande historia bak Fitjar Såpekokeri som i år feirar 10 års jubileum.


Den neste StartOpp samlinga til SNU vert arrangert i oktober.
 28.03.2012

Ny StartOpp samling 27. mars


StartOpp er eit tilbod til dei som vurderer å starte eiga verksemd, og deltakarane får her via meir om aktuelle tema i ein oppstart fase. Deltakarane vil mellom anna få høyra kva SNU kan bidra med og om forretningsplan og kva den bør innehalde. Bank og rekneskap, i tillegg til skatt vest, vil informere og orientere. Eit anna aktuelt tema som vil bli tatt opp er sal og marknadsføring. 2 lokale gründerar vil fortelja om sine erfaringar frå oppstart av eiga verksemd.


StartOpp samlinga er eit gratis tilbod og finn stad i Stord Kulturhus, Møterom 1, tysdag 27. mars kl 11:30 - 16:00.


Påmelding til post@snu.as innan fredag 23. mars

 15.03.2012

SNU TILBOD 2012



SNU arrangerer i løpet av året StartOpp samlingar, Gründerkafèar og Miniseminar.

Årets plan ser sllik ut:


Tirsdag 27. mars - StartOpp samling


Tirsdag 17. april - Miniseminar i Styrekompetanse


Tirsdag 15. mai - Gründerkafè


Onsdag 12. september - Miniseminar i Sosiale Medier


Tirsdag 23. oktober - StartOpp samling


Tirsdag 20. november - Gründerkafè



Les meir 06.03.2012
Eldre nyhende
06.03.2012
REGIONALT NÆRINGSFOND 2012
Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond. Fondet er finansiert av Hordaland Fylkesommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette. Neste søknadsfrist er 9. mai.
24.02.2012
Vellukka Gründerkafè!

Torsdag 16 februar vart det arrangert ny gründerkafè på Leirvik. Mange av dei 20 påmelde hadde tankar og planar om å starte eiga verksemd og fleire hadde alt starta. Her fekk dei høve til å treffe andre i same situasjon, utveksle erfaringar og opprette kontaktar.


Deltakararane fekk også høyre ein gründer fortelje historia si. Denne gongen var det Randi Elin Glesnes som driv 'Trollkrabben' på Leirvik som var med oss. Deltakarane fekk høyra ei interessant historie om korleis Trollkrabben vart til og kvardagen som gründer. Stord Næringsråd orienterte om sitt arbeid og kva tilbod dei har til nye etablerarar, og i tillegg informerte SNU om sitt arbeid og kva me kan hjelpa med i ein oppstart prosess.


Det var og representantar frå bank og revisjon til stades, og fleire nytta høvet til å stille spørsmål og opprette kontakt. Ein vellukka kveld med positive tilbakemeldingar og god stemning.


Gründerkafèen eit samarbeid mellom SNU og NAV Jobbservice, og er eit ledd i SNU sitt arbeid for å stimulera til entreprenørskap og nyskaping. Med denne typen samlingar håpar SNU å motivera og tenna interessa for å realisera den ideen/det prosjektet deltakarane har med seg.
22.02.2012
Nyskapingskonferansen 2012 - hald av 25. april!

Arbeidet med Nyskapingskonferansen 2012 er godt i gong! Hald av onsdag 25 april og følg med på nettsida for oppdatert program og påmelding.
Sjå meir om årets konferanse her
Nyhendebrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post



 
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS